Klubbmesterskap søndag 8.februar 2015

Postet av Torpo IL den 1. Feb 2015

Klubbmeisterskapen 2015 sundag 8. februar
Som dei fleiste av dere veit blir det ikkje onsdagsrenn den 4. februar, derimot ein ordentleg skidag med klubbmeisterskap sundag den 8. februar.
Me begynner dagen i Pipern. Hopprennet begynner klokka 11 og slik vær og føre ser ut til å bli framover kan de koma og prøvehoppe frå tidleg morgon og til kvart på elleve. Då bør de også ha meldt dere på. Det blir hopp i tre bakkar, 4 -10 og 20 meter. De kan sjølve velja bakke de vil hoppe i.... De kan bruke eigne ski eller låne hoppski/støvlar.
Bakketun
Langrennet begynner klokka eitt med påmelding før kvart på eitt. Me fyrer bålpanner og grill (med ved) der de kan leggja på medbrakt mat viss de vil. Det er kiosk med pølser, saft og kaffi. Når rennet er slutt blir det premieutdeling med kaffi og kaker inne på klubbhuset. Den begynner sirka klokka tre og dagen avsluttes ved firetida.
For dei som vil finpusse formen til rennet er både Pipern og lysløypa flott preppa. Onsdag kveld blir det heilt sikkert hopping i Pipern, kanskje andre kveldar også





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.